Retting av lisensfeil med remote office for Windows 8/10

Dersom du får feilmelding om at lisensen for koplinga har vorte endra kan du gjere følgande for å rette opp i feilen:

1 – Slett lisensinformasjonen frå maskina di:

  • Høgreklikk på startmenyen og vel ‘Ledetekst’/’Command prompt’
  • Skriv ‘regedit’ og trykk på enter
  • Gå til HKEY_LOCAL_MACHINE\SOFTWARE\Microsoft\ og slett mappa MSLicensing

2 – Logg av eller ta ein omstart av maskina.

3 – Lag ny lisensinformasjon:

  • Søk etter ‘Tilkobling til eksternt skrivebord’/’Remote desktop connection’ frå startmenyen, høgreklikk på treffet og vel ‘Kjør som administrator’/’Run as administrator’.
  • I vindauge som kjem opp, vel ‘Vis alternativer’/’Show Options’ og opne RDP-fila for NMBU-tilkopling (fila du har lasta ned frå remoteoffice.nmbu.no)
  • Trykk ‘Koble til’/’Connect’ og det skal no vere i orden.

Dersom det framleis kjem samme feilmelding kan det hende du må laste ned RDP-fila frå remoteoffice.nmbu.no på nytt.